Heimebaka flatbrød

Skreppa
kr
94,00
Flatbrød har sin faste plass på alle middagsbord og er den eldste formen for brød i Telemark. Det har vore akta og æra i mange hundre år. Kvar vår og haust vart det baka store stablar med flatbrød som vart lagra på stabburet. Ei husmor med respekt for seg sjølv, kunne ikkje vera forutan flatbrød. Ofte var det bakstekjerringar som drog frå gard til gard og baka. Det var litt av ein sjau å ha desse kjerringane på garden. Mannfolka måtte skaffe spesialved, helst tørr granved som var kløyvd i små skier slik at den passa i kjeleringen.

Ingredienser: Grov sammalt kveite, vatn, Kviteseidsmør, fløte, salt og sukker.

Antall i pakke: 4 stk

Vekt: 250g