BRØDRENE
HJØNNEVÅG
Brødrene Hjønnevåg AS er ei familieeigd og tradisjonsrik bedrift frå 1948 som produserar og sel sjømat til daglegvarebutikkar, grossistar og storhushald i heile Noreg. Vi i Hjønnevåg jobbar kvar dag for å gje kundane våre livsglad mat frå Havet! Vi vektlegg kvalitet i alle ledd. Fleire av våre produkt er kåra til Norges beste i NM i sjømat.
Historie
Henrik Bastiansen Hjønnevåg kom frå Solund i Sogn og Fjordane. I 1939 kom han med familien sin til Uskedalen. Her drev han med fisketransporten fram til krigen. Då konfiskerte tyskarane båten hans. Han tok seg arbeid på hermetikkfabrikken i Uskedalen, der han jobba til 1948. Då starta han si eiga fiskematbedrift i Rosendal.

På grunn av auka omsetning blei det behov for større produksjonslokale etter kvart. Henrik og Gudrun sine søner Alf og Harald. I 1962 overtok Alf og Harald bedrifta, og bedrifta skifta namn til Brødrene Hjønnevåg.
Tradisjon og utmerkelsar
Fiskematen blir laga på tradisjonsrike reseptar med fersk norsk fisk. Frå vår lokasjon i Uskedalen som ligg i vakre Kvinnherad-kommune, hentar vi inn dei beste råvarene frå heile landet til vår produksjon.

Årlege utmerkelsar i sjømat NM syner at tradisjonelle reseptar og godt handtverk gjev resultat
Kontakt

+47 534 82 200


Børnes 20
5463 Uskedalen